Om

F: 190499

Bergenbasert kunstnar, opprinneleg fra Ulsteinvik. Mitt kunstneriske virke består for det meste av ein blandingsteknikk der digital kunst møter det analoge, med digitalt manipulerte kollasjar av ulike fysiske teikningar og måleri (D.G.A, Digital Graphic Artwork). I tillegg jobbar eg og med reine måleri, gjerne på plater i store format. Tematisk er eg opptatt av mennesket, kroppen, og forhaldet vi alle har til eigen kropp. Dei aller fleste, om ikkje alle, av mine verk har ei tilknytning til dette, sjølv om mange er ganske abstraherte.

Verka mine ber nok og eit preg av min tidligare studiebakgrunn innan både kunst og grafisk design, som har gitt meg ei interesse for farger og komposisjon, samt tidligare interesse for fotografi. Eg har alltid teikna og malt, men det er i denne kombinasjonen av teknikkar at eg føler meg mest heime.

Lea Myrene Aurvåg

Pågåande studiar

Bachelor i Kulturvitskap, Universitetet i Bergen

Tidligare studiar

Visuell Kunst, Ytre Kunstfagskole (Ålesund)

Grafisk Design, Kristiania (Bergen)