Morfar og eg

PUBLISERT 03. OKTOBER 2025

For meg er dette eit heilt spesielt prosjekt, som eg alltid kjem til å halde kjært. Frå eg var gammal nok til å halde ein blyant, har eg teikna, og ein av dei som gav meg ein blyant å halde var morfaren min, Arnljot Myrene. Sjølv om dei fleste av måleria som var inkludert i denne utstillinga er laga før eg kom til verda, har eg alltid sett på morfar som ei stødig og kreativ kraft. I morfar og eg fikk eg æra av å henge side om side med verka eg er vaksen opp med å ha i sidesynet, og som på fleire måtar har forma mi forståing for - og kjærleik til - kunst.

Tusen takk til Ulstein kunstlag som inviterte meg til å stille ut, og som tok godt imot ønsket mitt om å dele scena med morfaren min. Og til morfar, Arnljot, som har gitt meg friheit og tillit til å ta hand om verka i si samling, og som var sporty nok til å takke ja til å bli med på eit prosjekt eg håpar og trur vi begge alltid kjem til å hugse med eit smil om munnen. Ekstra fint er det å tenke på at nettopp denne utstillinga fann stad på Bjørndals Minne i Ulsteinvik, som - for dei av dykk som ikkje er lokalkjende - tidligare har husa Ulstein bibliotek. I desse lokala har eg i min barndom, av og til saman med mine besteforeldre, vandra gjennom høge reolar med hyller fulle av tankar og forteljingar. Og det er nettopp her vi to, saman, fikk fortelje litt av vår.

<3